Noteringar |
- MINNEORD: Odd Jostein Gundersen vart fødd 1934 i Karmøy kommune. Etter obligatorisk skulegang var det vanleg for ungdom i Karmøy å velja mellom ein av karrierevegane; fiskar, sjømann eller reisa til Amerika.
- Jostein, som me kalla han i det daglege, valde å verta sjømann. Han var førstereisgut i 1950. Sidan gjekk han i land og tok styrmannskulen i 1955 og skipperskulen i 1963, i Haugesund. Han hadde ein aktiv periode i utanriksfart, og noko innanriksfart, fram til 1969.
- Jostein stifta familie og busette seg på Stord. Han arbeidde ved Aker Stord frå 1970 og også der fekk han utøva sitt maritime fag. Jostein slutta yrkeskarrieren som kaptein med ansvar for koordinering av marine operasjoner og utlastingsaktivitetar. Det omfatta seksjonar til supertankarar til seinare å gjelda plattformer: frå Beryl «A» til Statford «A», Gullfaks «A», og mange, mange fleire i rekkja av Aker sine oppdrag.
- Etter at han vart pensjonist i 1999, reiste han til New Foundland og utførte maritime operasjonar i samband med plattformutrusting der.
- Jostein viste i arbeidet sitt eigenskapar til å kunna omstilla seg til nye tider, men halda fast ved krav til seg sjølv om vera til å lita på, vera nøyaktig og utføra arbeid på ein trygg måte. Dei same eigenskapane hadde han med seg i det han tok seg til på fritida i heimen og i frivillige organisasjonar
- Jostein var engasjert i veteranskipet M/S «Granvin» sidan Veteranskipslaget Fjordabåten overtok og sette i stand båten i 1988/89. Han var skipper om bord i M/S «Granvin» sidan 1989. Men i tillegg til å føra båten hadde han overordna vedlikehaldsansvar. Hans innsikt og ansvarskjensle var til uvurderleg nytte for reiarlaget. Ein veteranbåt, som M/S «Granvin» bygd i 1931, skal vera i god stand og takast vare på som eit kulturminne etter antikvarisk krav. Samstundes har båten alle krav til seg som passasjerfartøy i offentleg transportteneste.
- Skipper Odd Jostein Gundersen førte M/S «Granvin» på ein trygg og god måte. Han var eit svært godt føredøme med å leggja vekt på tryggleik for passasjerar, mannskap og båt. Hans motto var: «Sikkerhet er overordna alt anna. Passasjerane er alle like viktige og derfor tek eg kontakt med passasjerane mine.»
- Mannskapet uttrykte den største tillit til Jostein. Hans personlege kvalitetar og veremåte gjorde at mannskapet treivst om bord med han som skipper og nye ønskte å vera med i hans team. I blant var sjøaspirantar med som mannskap. Han viser dei tillit og ansvar. Han lærer dei sjømannskap og oppmuntrar til fagleg og personleg vekst.
- I yrkeslivet var Jostein med på den høgteknologisk utviklinga innan offshoreverksemda. Han held samstundes oppe interessa for tradisjonell skipsfart og sjømannskap. Han hadde eit sterkt engasjement for å visa dei yngre korleis folk reiste med fjordabåtane i «gamle dagar».
- Dette engasjementet kom også D/S «Stord I» til gode då båten kom tilbake til Vestalandet i 1981. Jostein var ein viktig person i arbeidet med å leggja til rette for det store restaurerings-arbeidet som starta opp då båten låg ved Aker Stord den første tida.
- Jostein hadde eit sterkt sosialt engasjement om det ikkje var så synleg for alle. Han hadde eit vake auge for om nokon trong hjelp og støtte. Han toke med seg ansvarskjensla og omtanken som kaptein om bord på skip, til kvardagen på land. Han var alltid positivt deltakande i det som skjedde og med sitt lune humør var det alltid kjekt å vera saman med Jostein.
- Sjøkaptein Odd Jostein Gundersen vart tildelt Kongens fortenestmedalje i 2005 for innsatsen sin i yrkeslivet og i vern av veteranbåtane «Granvin» og «Stord I». Viktig i denne samanhengen var også Jostein sitt engasjement for kystkulturen, sjømannskap og det å sjå og ha omsut for andre.
- Jostein var også medviten om at han fekk noko att for engasjementet sitt i form av gode opplevingar med passasjerar og mannskap. Sers stolt var Odd Jostein over å få vera skipper på M/S «Granvin» den 22. april 2005 då dronning Sonja følgde båten over Hardangerfjorden i samband med 100-årsjubileet for unionsoppløysinga.
- Me i veteranbåtmiljøet vil sakna Jostein. Han var ein flott skipper, leiar og føredøme for oss alle. Han var ei heidersmann og me er takksame for alle dei gode minna me har med oss frå samseglinga med Jostein.
- Våre varmaste tankar gå til Bjørg og familien i sorga og saknet etter Jostein.
- Harald Kvinge
For Veteranskipslaget Fjordabåten og Stiftelsen D/S «Stord I».
- Källa:Haugesunds Avis 2014-03-26
|